Langt færre kvinner enn menn i Skandinavia vel teknologiske utdanningar og yrke. Dette medfører eit udekt behov for teknologikompetanse i næringslivet, og i praksis inneber ein slik kjønnsubalanse at teknologien blir utvikla på premissane til menn.
Isobel Talks, Ida Edvinsson og Jenny Birchall
Finansiert av Plan International Norway – som ein del av Plan Telenor Global Partnership
I ein rapport gjeve ut av Plan Norge blir søkjelyset sett på denne ubalansen. Rapporten tar for seg status i Noreg, Sverige og Danmark, og målet er å belyse korleis teknologibransjen på best mogeleg måte kan stø jenter som ønskjer å studere teknologifag - slik at dei på sikt endar opp som kreative bidragsytarar i den digitale sektoren.
Forsking på området, og dessutan 15 ekspertintervju og 15 dybdeintervju dannar grunnlaget for anbefalingane i rapporten – i tillegg til ei spørjeundersøking som vart sendt ut til ulike nettverk i båe Noreg, Sverige og Danmark.
Trass i at vi i Noreg, Sverige og Danmark har oppnådd generell jamstilling i samfunnet, så viser statistikken at dette ikkje er tilfelle innan IT- og teknologifag. I 2019 var 26% av søkjarane til teknologistudium i Noreg kvinner, medan Sverige i 2014 hadde 23% søkjarar til denne typen studium. I Danmark har talet lege jamt på 28% dei siste 12 åra.
Kvifor er jamnare kjønnsbalanse innan teknologi viktig?
- Kjønnsjamne arbeidsgrupper skapar betre teknologiløysingar
- God kjønnsbalanse i sektoren aukar Skandinavias konkurranseevne
- God kjønnsbalanse er eit spørsmål om sosial rettferd
Faktorar som motverkar god kjønnsbalanse innan teknologifaga
- Rådande stereotypiar om “kva jenter kan gjere” og “kva teknologi er»
- Mangel på oppmuntring frå foreldre og lærarar
- Låg sjølvtillit
- STEM-aktivitetar i skulen er dårleg lagt til rette for jenter
- For få mogelegheiter til å delta i STEM-aktivitetar utanom skulen
- Mangel på stipendordningar
- Kjønnsbasert diskriminering i teknologisektoren
Dei fleste jenter har generelt god interesse for STEM-faga i 11-12-årsalderen, men denne interessa avtek gradvis fram mot 15-16-årsalderen. I grunnskolen blir foreldre og lærarar, i tillegg til å motverke stereotypiar, nemnt som viktige tiltak for å styrke jentene si interesse for STEM, i tillegg til at dei må bli involvert i - og få erfaring med - ulike STEM-aktivitetar. I vidaregåande opplæring blir betydninga av mentorar og rollemodellar framheva, og det blir peika på at vener er ei kjelde til påverking.
Rapporten identifiserer ei rekke anbefalingar:
På arbeidsplassen
- Kor omfattande er kjønnsubalansen i din organisasjon? Finn nokon som kan ta oppgåva med å setje kjønnsbalanse på dagsordenen i bedrifta, og forankre dette hos øvste leiing.
- Fokuser på kvifor fleire kvinner er nødvendig innan design, som avgjerdstakarar og i kreative prosessar.
- Lag ein forretningsstrategi der kjønnsbalanse blir vektlagt.
- Set målsetjingar, og la desse vere offentleg tilgjengelege – la di bedrift gå føre med eit godt døme.
- Gje rekrutteringsavdelinga trening i å kjenne att kjønnsdiskriminerande mønster, opprett anonyme søknadsprosessar, og syrg for kjønnsnøytrale tekstar i stillingsannonsar.
- Innfør inkluderande praksis/jobbkultur, fleksibilitet med tanke på arbeidstid, og liknande.
Opprett mentorordningar
- Ein-til-ein mentoring er mest effektivt, høg frekvens er nødvendig, og programmet må ha varigskap på fleire månader. Tenk også på mogelegheiten for videooverføring.
- Lag samarbeidsavtaler med universitet med tanke på karrierenettverk der jenter innan STEM kan møte kvinner frå ulike teknologiselskap.
Bidra til å opprette teknologi-aktivitetar utanom skulen
- Frå jentene er 12 år og oppover kan det vere mest formålstenleg å lage aktivitetar berre for jenter. Før den tid kan begge kjønn delta saman. Aktivitetane bør føregå over eit lengre tidsrom, for å oppnå størst effekt.
Nå ut til foreldre og lærarar
- Foreldre og lærarar spelar ei viktig rolle når jenter vel – eller vel vekk – ei teknologiutdanning, og på noverande tidspunkt er det få aktivitetar retta mot denne målgruppa i Skandinavia. Her er derfor mogelegheitsrommet stort.
Andre moment:
- Ta i bruk media som påverkingskanal.
- Inngå partnarskap med teknologiorganisasjonar, jamstillingsorganisasjonar, skuler og universitet – del kva som fungerer. Det gjeld å få flest mogeleg med på laget.
- Bidra i den politiske debatten rundt teknologi- og digitale strategiar. Set dagsorden.
- Bidra til auka forsking, for å setje søkjelyset på kunnskapsgapa.