Den norske utdannings- og arbeidsmarknaden er svært kjønnsdelt, og denne rapporten gjev oss svar på kva for nokre mekanismar som ligg til grunn for denne skeivfordelinga.
Liza Reisel, Øyvind S. Skorge og Stian Uvaag
Rapport 2019:6, Institutt for samfunnsforskning
Rapporten påpeikar innleiingsvis at forskinga dei siste ti åra har vore prega av eit individualisert psykologisk perspektiv, der fokus på personlege eigenskapar, interesser og preferansar har stått i sentrum. Særleg har den lave andelen jenter innan MNT-fag blitt diskutert og problematisert. Det har blitt lagt stor vekt på tiltak, og kjønnsstereotypane knytt til realfag har, ifølgje rapporten, i perioden blitt svakare. Prestasjonane til gutar og jenter i realfag har dessutan blitt meir jamne. Likevel har jenter framleis lågare sannsyn enn gutar for å velje eit yrke innan MNT.
Kjønnsdelte utdanningsval blir også prega av meir systemorienterte forklaringar, og her er blant anna sosial bakgrunn viktig. Rapporten peikar blant anna på at utdanningsvalet til foreldra påverkar barna sine val – ein samanheng som er svakare for jenter enn for gutar. Val av utdanning er dessutan generelt meir kjønnsdelt i mindre sentrale strøk. I tillegg spelar skulesystemet ei rolle, i samspel med arbeidsmarknaden og resten av samfunnet.
I Noreg kan dei kjønnsdelte utdanningsvala forklare ca 2/3 av kjønnssegregeringa i yrkeslivet. Denne rapporten identifiserer følgjande andre faktorar som også speler ei viktig rolle:
- Yrkesløpet til kvinner blir påverka sterkare av barn enn det yrkesløpet til menn gjør
- Arbeidstidsreguleringar o.l. har meir å seie for val av yrke for kvinner enn for menn
- Handlingane til arbeidsgjevar ser ut til å ha ein klar påverknad på kjønnsdelinga på arbeidsmarknaden
- Kjønnsforskjellar i økonomiske preferansar slår ulikt ut i faktiske utdannings- og yrkesval
Det er forska mindre på korleis samhandling på skulen påverkar kjønnsdelte val. Studiar av kjønnssamansetjinga blant elevane finn likevel at når det er mange jenter i ei klasse, vel flere av dem utradisjonelt. Kjønnet til læraren ser likevel ikkje ut til å ha nokre konsekvensar for kjønnsdelte val.
Rapporten identifiserer fleire kunnskapshòl når det gjeld tiltak mot kjønnssegregering i utdanning- og yrkesliv:
- Behov for å tenkje systematisk rundt nye tiltak (dersom det er gode, teoretiske grunnar til å anta at det vil fungere, eller tiltak som internasjonal forskingslitteratur finn positive verknader av)
- Behov for å koordinere og styrke/skalere opp tiltak
- Dei fleste av tiltaka i dag er avgrensa i omfang, og det er for lite erfaringsutveksling på tvers av aktørar
- Få studiar har undersøkt kjønnsdelte utdanningsvala blant innvandrarar og barn av innvandrarar
Avslutningsvis så peikar rapporten på mangelfull evaluering av tiltak på området. Utan systematiske evalueringar er det vanskeleg å etablere kunnskap om kva for nokre tiltak som faktisk bidreg til at gutar og jenter kan velje ut frå interesser i staden for kjønn.