Kunnskap nsr no7

Framtidige kompetansebehov III – læring og kompetanse i alle ledd

Måndag 10. februar 2020 vart den tredje og siste rapporten frå Kompetansebehovsutvalet overlevert til statsråd Henrik Asheim. Rapporten lyftar fram eit stort behov for arbeidskraft innan IKT som ei av hovudutfordringane som må løysast.

Noreg er eit lite land, og vi samarbeider tett med andre land og marknader. Teknologisk utvikling pregar menneska, økonomien og samfunnet i aukande grad, og med nye jobbar følgjer nye kompetansebehov. Utviklinga set både samfunnet og innbyggjarane under press. Dersom vi skal oppretthalde eit produktivt arbeidsliv, gode velferdstenester og høg sysselsetjing, er det behov for at alle arbeidstakarar utviklar kompetansen sin gjennom yrkeskarrieren.

Utvalet framhevar i rapporten fylgjande aspekt:

  • Nokre sentrale ferdigheiter (grunnleggjande kognitive, digitale, sosiale og emosjonelle) dannar fundamentet for kompetanse.
  • Det er særleg mangel på kvalifisert arbeidskraft innan helse, bygg og IKT.
  • Endringar i teknologi, klima og demografi fører til nye kompetansebehov.
  • Arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning er god, men varierande kvalitet i praksis er ei særleg utfordring.
  • Ujamn kjønnsbalanse i mange utdanningar er ei utfordring for arbeidslivet.
  • Skeivfordeling i gutane sin disfavør i mange yrke, men framleis er jentene i mindretal innan siving/ingeniør-utdanningane.
  • Den norske arbeidslivsmodellen bidreg til kompetanseinvesteringar i arbeidslivet.
  • Mange deltek for lite i læringsaktivitetar.
  • Regional kompetansepolitikk er viktig.
  • Dimensjoneringa av VGS bør i større grad reflektere behovet i arbeidsmarknaden.