Velkomen til leksehjelp hos ENT3R

Etter halvtanna år med pandemi og digitale ENT3R-timar, er det med stor entusiasme og glede at vi no opnar for at ungdom frå helie landet igjen kan kome på campus for å få hjelp med realfagsleksene sine.

ENT3 R


Tilbodet med digitale ENT3R-timar for dei som bor langt unna ein ENT3R-stad fortset som før. Og – som tidlegare – tilbodet er gratis for elevane.

Sjekk ent3r.no for påmelding.

Tida etter mars 2020 har vore utfordrande for dei fleste av oss, så også for ENT3R. Dyktige prosjektleiarar og mentorar viste likevel stor fleksibilitet og omstillingsevne, og våre ENT3R-prosjekter bytte ganske raskt til digitale ENT3R-timar. Denne ordninga har fungert fint, og har hjelpt mange unge til betre forståing av matematikk og realfag i ei tid med isolasjon og heimeskule. Vi ser likevel fram til at dei lokale ENT3R-prosjekta no opnar opp, slik at ungdomane kan få møte mentorane sine i eit meir stimulerande læringsmiljø på campus.


Ent3r 3

ENT3R har dei siste 10 åra vakse seg stadig større som eit kostnadsfritt tilbod om realfagleg leksehjelp til elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule over heile landet. Dyktige studentar som til dagleg studerer realfag og teknologi ved universitet og høgskular bidreg med kunnskap, tolmod og forståing når ungdom treng hjelp med realfaga. Tilbodet blir finansiert frå Kunnskapsdepartementet via Nasjonalt senter for realfagsrekruttering – som er prosjekteigarar i ordninga.

Kvart år nyttar ENT3R spørjeundersøkingar til å måle kvaliteten på ordninga, og kvart år svarer elevene at dei trivast og har stort fagleg utbyte av å delta. 92 prosent av elevane seier at dei er fornøgde eller svært fornøgde med ENT3R, og 73 prosent seier at dei har fått betre sjølvtillit i matematikk og realfag. Av elevane frå 10. klasse svarar 39 prosent at dei vil velje T-matte på vidaregåande, og 27 prosent at dei ikkje har bestemt seg enno. 70 prosent av elevane svarar at dei har fått auka kunnskap om studieveger innen realfag, og 53 prosent av elevane seier at ENT3R har inspirert dem til vidare studium innan realfag og teknologi.

Dei siste åra har det vore fleire jenter enn gutar som deltek på ENT3R, og i 2019 var det 68 prosent jenter som deltok. Dette gjer ENT3R til ein god arena for rekruttering av jenter til realfaglege utdanningar. Samstundes svarar meir enn halvparten av ENT3R-elevane at deira føresette ikkje har utdanning innan realfag og teknologi. Dette gjev dei stort potensial for å byggje realfagskapital, i tillegg til at dei kanskje har eit større behov for leksehjelp i realfag utanfor heimen. Mentorane er dessutan gode rollemodellar, og heile 93 prosent av elevane seier at dei er fornøgd/svært fornøgd med mentorane sine.

Er du lærar og ønskjer å tilby ENT3R til elevane dine? Eller kjenner du nokon som kan trenge litt hjelp og motivasjon til matteleksene? Sjekk ent3r.no her >