Studium innan informasjonsteknologi har ein auke på heile 6,4% samanlikna med i fjor, noko som dermed forsterkar den gode utviklinga frå 2018 – der heile 21,6% fleire enn i 2017 hadde informasjonsteknologi som førsteval. Sett over fleire år, opplever desse faga ein eventyrleg auke i søkartala.
“«NSR har hatt auka fokus på informasjonsteknologiske fag over fleire år, og fleire av våre kampanjar har retta seg mot dette området. Det er derfor svært gledeleg at søkartala dei siste åra har hatt ei slik positiv utvikling, og det er ei stadfesting på at vi er på rett veg,» seier leiar for Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Morten Sørlie.”
Jentene si interesse for teknologifag aukar. Samanlikna med fjoråret, har heile 15,2% fleire jenter søkt opptak til informasjonsteknologiske fag. 4,1% fleire jenter ønsker no å studere teknologiske fag (ingeniør, siving) samanlikna med året før.
«NSR har i fleire år hatt ansvar for og samarbeida om ei rekke prosjekt der auka jenterekruttering har vore hovudmålsettinga, og dei gode jente-søkartala kan sjåast på som eit uttrykk for at vi lukkast med det vi gjer», seier Sørlie.
Søkartala til maritime (teknologiske) fag har samla auka med heile 15,3% samanlikna med fjoråret, og heile 18% jenter ønskjer no å studere maritime fag samanlikna med 12% i fjor.
Sjølv om kvar tiande førstevalssøkar i 2019 vel teknologiske fag (ingeniør, siving), så ser vi i år ein svak tilbakegang for dei treårige (bachelor) ingeniørfaga. Desse går tilbake med 4.4 % i forhold til fjoråret, men det er positivt med oppgang på vel 2% for siving-faga. I følgje NHO sitt Kompetansebarometer for 2018 oppgir 6 av 10 medlemsbedrifter at dei har eit udekt kompetansebehov, derav oppgir heile 46% at dei treng fleire ingeniørar. Dette er informasjon som dei unge må få, og dette skal senteret bidra til, seier Sørlie.
Innan dei klassiske realfaga fortset tilbakegangen frå i fjor, og dette er ei utvikling som vi må ta på alvor. Arbeidsmarknaden vil ha behov for biologar, fysikarar, matematikarar og kjemikarar også i åra som kjem.
Samanfatta kan vi gle oss over at jentene styrker sin posisjon i alle typar teknologiske fag (både innan informasjonsteknologi, ingeniørfag og siving-fag), og at søkartalla til maritime fag viser ei styrkt tru på yrkesvegane innen oljenæringa. Jentefokus og innsats retta mot teknologifaga ser ut til å nå fram til dei unge.