T- eller P-matte?

Sommarferien er over for dei fleste av oss, og vi går utkvilte i gang med haustsemester, blanke ark og nye mogelegheiter. For mange av dei unge inneber dette også ein ny skulekvardag, med mange – og kanskje vanskelege – val. Eitt av desse vala omhandlar kva for ein type matematikk ein skal velje når ein startar på vidaregåande skule.

Nyhetsbrev aug21 lite

På ungdomsskulen følgjer alle den same matematikkundervisninga, og alle har same pensum, men på vidaregåande får ein mulighet til å velje mellom to ulike retningar, T- eller P-matte i førsteklasse, og da kan uvissa fort bre seg. Kor god er eg eigentleg i matematikk? Vil eg forstå den teoretiske matematikken (T-matte), eller er det tryggast å velje ei meir praktisk orientert form (P-matte)? Vi veit at mange, og særleg jenter, slit med dårleg sjølvtillit i matematikk, og valet kan derfor bli farga av sjølvtilliten til ungdommane og manglende tru eigen prestasjon – framfor korleis dei faktisk presterer i faget.

velgriktig.no fortel vi om kva dei ulike retningane inneber – slik at dei unge skal ha god og påliteleg informasjon når valet blir tatt. For det har noko å seie kva man vel. Mange studium krev realfag frå vidaregåande, og vel man bort T-matten, kan vegen bli lengre til ei utdanning innan realfag og teknologi.

Vi anbefaler at elevar og foreldre set seg godt inn i dette før valet blir tatt. Etterspørselen etter kompetanse innan realfag og teknologi er stor. I arbeidslivet finst det mange spennende jobbmogelegheiter ein kanskje ikkje har tenkt på tidlegare. Sjå ei oversikt over realfaglege yrke her >

Det er lurt å tenkje seg om før ein lukkar døra, eller gjer vegen meir kranglete, til spennande jobbar og mogelegheiter i framtida.

Vi håper alle har hatt ein fin sommar - og ønskjer lykke til med nytt semester og nytt skuleår.

Venleg helsing

Guro Rørvik
Leder, NSR