Det har vore knytte stor spenning til korleis COVID 19-pandemien ville påverke søkartala til høgare utdanning, og i dag kom Samordna Opptak med svaret.
Når det gjeld MNT-faga, så er det svært gledelege tal som no kan bli presentert.
Nasjonalt senter for realfagsrekruttering har i fleire år jobba for auka jenterekruttering til IKT-utdanningar og -yrke, og det er derfor svært positivt når vi ser at nærmare 30% av søkarane til Informasjonsteknologiske fag i 2020 er jenter. Dette svarar til ein prosentvis auke frå fjoråret på heile 28% hos jentene. Hos gutane har 8,7% fleire enn i fjor søkt, og samla sett gjev dette ein auke på 13,7% samanlikna med 2019.
Dei andre MNT-faga opplever også ei svært god utvikling samanlikna med søkartala frå i fjor.
Dei klassiske realfaga (matematikk, biologi, fysikk, kjemi og geologi) har 12% fleire søkare enn i fjor, og brote ned på kjønn finn vi her at 13,3% fleire jenter og 10,7% fleire gutar søkte desse fagretningane i år. Etter ein nedgang dei to siste åra, er vi nå derfor tilbake på same tal førstegongssøkarar som i toppåra 2015-2017.
Når det gjeld ingeniør- og siving-faga, så er auken positiv også her. Dei 3-årige bachelorane i ingeniørfag har 6,7% fleire søkarar enn i fjor, og ein bør i den samanheng merke seg at Samordna Opptak sin statistikk ikkje omfattar dei lokale opptaka via Y-veg og TRES. Ingeniørfaga har no nådd ein kvinneandel på over 20% av førstegongssøkarane, men denne typen studium ligg framleis heilt i nedste del av den samla statistikken når det gjeld kvinneandel på studia – og må derfor halde oppe eit tydeleg fokus på jenterekrutteringa. Dei femårige mastergradane i teknologi (siving) er opp 4% frå i fjor, og har no ein kvinneandel på om lag 33%. Arkitekt har 9% fleire søkarar samanlikna med fjoråret, og maritime fag er opp 7,6% frå i fjor.
I 2020 har nær 10% av søkarane eit studium innan utdanningsområdet «teknologiske fag» som sitt førsteval. Dette svarar til ein auke på 5,1% frå i fjor, og viser dermed at slike typar utdanningar seglar opp som attraktive val blant dei unge.
Fokuset på behovet for IKT-kompetanse i samfunnet har vore stort dei siste åra, og dette kan ein sjå i at 4,7% av alle søkarar til høgare utdanning i 2020 valde Informasjonsteknologi som sitt førsteval. «Digitaliseringa i samfunnet aukar, og det kan verke som at dei unge har gjort gode refleksjonar og kobla dette til val av utdanning», seier leiar for Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Morten Sørlie. Sørlie finn det ekstra gledeleg at arbeidet med å rekruttere fleire jenter til IKT-utdanningar ser ut til å lukkast. «Det er langt igjen til full kjønnsbalanse innan IKT, men når 30% jenter søker denne typen utdanningar så har vi absolutt tatt gode steg i riktig retning».