Inviterte talarar var blant anna Silvija Seres (Lørn AS), Sveinung Skule (HK-Dir), og Steve Carson (MIT). Også bedrifta Kantega og Trondheim kommune var til stades og snakka om høvesvis studentsamarbeid og rekruttering og sin trainee- og mentorordning for nyutdanna sjukepleiarar.
Tema som vart belyst og diskutert var livslang læring, kunnskapsflyt på tvers av organisasjonane og arbeidslivsrelevans. Seres trakk fram fleire praksisplassar, rettleiing for bedrifter som tek imot studentar i praksis, og ein tettare dialog mellom UH-sektoren og næringsliv som viktige verkemiddel for å nå måla. Ho framhevar også behovet for å styrke regionale fagmiljø og utdanningar og ei kompetansereform for livslang læring, og meiner likeverd og gjensidig interesse er nykelen til auka samhandling.
Sveinung Skule viser til tal basert på dagens utdanningsval, og at Noreg vil mangle 88 000 fagarbeidarar i 2035 om utviklinga fortset. Løysinga, ifølgje Skule, ligg blant anna i å nå breiare ut med utdanning- og arbeidsmarknadsinformasjon og karriererettleiing som viser fram behov og mogelegheiter innan utdanningssystemet. For arbeidstakarar i framtida oppgjev bedriftane eit ønskje om ein kombinasjon av fagkompetanse og generiske ferdigheiter, og at evne til å tileigne seg ny kunnskap, samarbeid og sjølvstendig arbeid er dei mest ettertrakta eigenskapane.
I vidare arbeid med å kartleggje kompetansebehovet i Noreg vil analyse av stillingsannonsar og arbeidsmarknadsdata erstatte spørjeundersøkingar. IT-selskapet Kantega fortel om vellukka rekruttering gjennom studentsamarbeid, og meiner fleire bedrifter bør gjeres oppmerksame på fordelane og gevinstane ved å inkludere studentar til å bryne seg på kundestyrte prosjekt dei arbeider med. «Det er forfriskande med den ufiltrerte entusiasmen deira og evna dei har til å sjå andre løysingar, og ein kan lære så mykje!».
Dagen vart avslutta med kafébord-samtalar og ein lenestoldiskusjon over spørsmål knytta til arbeidslivsrelevans, framtidas kompetanse og livslang læring. Det vart ein spennande dag, som bekrefta prioriteringane våre, og vi vart inspirerte til å fortsetje arbeidet vård med ei ny teknologi- og realfagssatsing. Hovudet vart fylt med innspel frå mange ulike innfallsvinklar, og vi drog derfrå med nye tankar om samarbeid på tvers av sektorar.