Evaluering av Jenter og teknologi

Rapporten viser gledeleg til positive resultat, og at aktivitetane som blir arrangert i regi av Jenter og teknologi både påverkar og treffer jentene godt.

Image from i OS 2

På oppdrag frå Bufdir har Vestlandsforskning gjennomført ei evaluering av prosjektet Jenter og teknologi. Prosjektet er eit samarbeid mellom NHO, NITO og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.

Jenter og teknologi har som mål å informere og inspirere fleire jenter til å få auga opp for mogelegheitene som finst innanfor realfag og teknologi. Bedriftene i NHO sitt kompetansebarometer viser eit stort behov for tekniske fagarbeidarar, ingeniørar og realistar, og dette er også område med lav kvinneandel. Derfor jobbar prosjektet spesielt for å bryte oppfatningar om kva for nokre utdanningsval som passar best for jenter og gutar.


Image from i OS 3
Mari (UiO) og Martine (NSR) presenterer ENT3R på Jenter og teknologi-arrangementet i 2021.

Evalueringa har nytta kvalitative intervju og ein kvantitativ spørjeundersøking hos alle målgrupper for Jenter og teknologi – jenter, lærarar, foreldre og rollemodellar, for å få ei brei forståing av korleis tiltaka fungerer.

Som tidlegare forsking også har vist trekkjer Vestlandsforskning fram i evalueringa at både arbeidsmarknaden og utdanningssektoren i Noreg er sterkt kjønnsdelt, og at dette påverkar kva for nokre utdanningsval som blir oppfatta som mest passande for jenter og gutar. Tankar om at teknologi er eit felt betre egna for gutar og menn eksisterer i stor grad framleis, og fører til at jenter i større grad treng støtte for å ta meir utradisjonelle utdanningsval innan teknologi. Jenter blir ikkje oppmuntra i lik grad som gutar til å velje utdanning innan teknologi, verken i utdanning eller fritid. Dette er noko av det Jenter og teknologi jobbar mest med, å oppmuntre jentene til å sjå at teknologi kan vere noko for dei.

Rapporten peikar på at auka innsikt i teknologistudium og karriereveger viser positiv effekt på jenter si oppfatning av, og sjanse for at dei vel denne retninga. Det blir påpekt at Jenter og teknologi gjer nettopp vegen til teknologi både meir synleg og relevant for jentene. Dette blir gjort ved å blant anna vise fram unge kvinnelege rollemodellar, som gjev jentene innsikt i teknologiutdanningar og -yrke som mange ikkje får gjennom andre kanalar.

Jenter og teknologi kan verke som ein kompensasjon for dei jentene som får lite oppmuntring eller støtte rundt teknologi og realfag frå omgjevnadene sine. For jenter som har fleire motivasjonskjelder kan tiltaket ha ein forsterkande effekt. Sjølv om det er vanskeleg å vite akkurat kor mykje tiltaket og arrangementa påverkar, svarar 59 % av dei spurde jentene at Jenter og teknologi har hatt betyding for eitt eller fleire av utdanningsvala dei har gjort, eller planlegg å gjere.

Det kjem også fram i rapporten at det å vere hands-on med teknologi er noko jentene saknar. Med dette som utgangspunkt lanserer Jenter og teknologi bedriftsbesøk som ein del av dei nye Jenter og teknologi-dagane over heile landet denne hausten. Her vil jenter i 9. og 10. klasse bli invitert til ein teknologibedrift i nærmiljøet kor dei vil få delta på workshops med verkelegheitsnære utfordringar, i tillegg til å lære om korleis dei lokale bedriftene bidreg i samfunnet. Vi gler oss til å sjå korleis dette blir.

Det er vanskeleg å peike på éin ting som årsak til at andel kvinnelege søkarar til teknologi, realfag og tekniske yrkesfag stadig aukar, men vi kan sjå at Jenter og teknologi er med på å bidra til å synleggjere vegen til teknologi for jenter.

Rapporten skrive av Vestlandsforskning er tilgjengeleg i sin heilskap her: https://bufdir.no/Bibliotek/Dokumentside/?docId=BUF00005325 .