Nasjonalt senter for realfagsrekruttering sende nyleg ut ei spørjeundersøking til våre nyheitsbrevmottakarar for å få meir informasjon om behover lærarane har for bidrag i den digitale undervisninga, hovudsakleg i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Spørjeundersøkinga hadde i underkant av 70 deltakarar, og det blir tatt atterhald om at behova kanskje ikkje er dei same hos alle. Undersøkinga kan likevel gje indikasjonar på kva lærarane ønskjer av bidrag utanfrå.
Stort behov for digitale undervisningsopplegg
Ved spørsmål om kva for nokre behov lærarane har i den digitale undervisninga svarar heile 70 prosent at dei har behov for digitale undervisningsopplegg. Deltakarane i undersøkinga har avslutningsvis fått moglegheita til å kome med utdjupande informasjon. Her ser vi at fleire etterspør undervisningsopplegg som ikkje er for omfattande, egnar seg til digital gjennomføring, knyter teori til praksis og som enkelt kan bli tilpassa klassa. Vidare ønskjer fleire videoar av ulike slag, til dømes om kjemiske forsøk, undervisningsvideoar i programmering og liknande.
Vidare svarar 50 prosent at dei som lærarar har behov for kompetanseheving rundt bruken av digitale verktøy. Fleire opplever det som utfordrande å navigere seg rundt i havet av digitale verktøy, og sikre god nok kunnskap i - og godt nok oversyn - over dei verktøya som finst. Vidare trekkjer fleire fram eit ønskje om ei teknisk hjelp/rådgjevarteneste som kan vere behjelpelege dersom lærarane støyter på utfordringar i dei ulike tekniske løysingane.
47 prosent svarar at dei har behov for å hjelpe elevane i skulearbeidet/lekser digitalt.
6 prosent svarar at dei ikkje har noko behov for bidrag, og 3 prosent svarer anna.
Bør ta utgangspunkt i kompetansemål
Deltakarane fekk spørsmål om kor viktig det var at bidrag i undervisninga tok utgangspunkt i kompetansemåla på ein skala frå 1 til 10, kor 1 er lite viktig og 10 veldig viktig. Her ser vi at over 50 prosent opplever det som veldig viktig og over 75 prosent svarar at dette er viktig.